Fine kyrkjegardar med felles innsats!


Det er ein ny årstid, og det er mykje å ta tak i på kyrkjegardane våre.

Gras og ugras veks, graver skal ordnast og når snøen forsvinn kjem det fram faklar, lykter og gamle kransar.

For å halda kyrkjegardane fine treng vi din hjelp til å sortere søppel, og vi bed om at avfall ikkje blir lagt på bakken men berre i søppeldunkar eller direkte i komposten.

Dette er ein stad for ly og kvile- vi bed om at avfall ikkje blir sett her.

Ønskjer du å tenna lys?
Lystenning på grava kan gi trøyst og håp for etterlatne, men kan også vera farleg for husdyra våre. Hugs at du må rydda opp att når lykta har brunne ut. Skjera synest dei blanke lokka på lyktene er tiltrekkjande og tek dei med seg, for så å sleppa dei ned. Desse kan hamna på jordene rundt. Metalldelane kan, i tillegg til kvasse plastbitar av sjølve lykta,  koma i slåtten og skade dyra. Bruker du batterilys? Desse lyktene får ikkje kastast i vanleg restavfall, utan i eigen behaldar.  Om kyrkjegarden du ferdast på ikkje har slike behaldarar, bed vi om at du tek lykt/batteri med deg heim.

Lykt på avveie.

Vi minner samtidig om at all plantning på kyrkjegardane i Surnadal skal vera fullt komposterbart.
Takk for hjelpa!

Tilbake