ønskjer du å snakke med nokon?
ønskjer du å snakke med nokon?
ønskjer du å snakke med nokon?

Vi kan alle til tider oppleve utfordringar i livet.

Kyrkja i Rindal og Surnadal tilbyr deg nokon å snakke med.

Tilbodet er for alle, uansett tru, livssyn eller alder.

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret i Rindal på tlf. 47 51 91 11 eller i Surnadal på tlf.nr. 71 65 70 60 og spør etter prest eller diakon.   

Kyrkja i Surnadal og Rindal

 

Fotspor i sanden origanaltekst av Mary Stevenson
 

Ei natt drøymde eg at eg gjekk saman med Herren på ei strand.
Medan vi gjekk der, kom mange bilete frå livet mitt til syne som lysglimt på himmelen over oss.

I kvart av bileta såg eg spor av føter i sanden. 
I bileta frå dei gode stundene kunne eg tydeleg sjå spor av to par føter som gjekk ved sida av kvarandre.
Men i dei vanskelege stundene, då eg hadde det vondt og var redd, eller var fylt av sorg og mismot, var det berre eitt par fotavtrykk i biletet.

Det forstod eg ikkje, så eg sa til Herren:
Du lovde meg, Herre, at dersom eg fylgde deg, ville du alltid gå saman med meg. Men då livet mitt var aller mest vanskeleg, var det berre eitt par fotspor å sjå.      
Kvifor var du ikkje hjå meg då eg trong deg mest? 

Herren svara:
Kjære barnet mitt! Eg elskar deg og vil aldri gå frå deg. 
Dei gongene det berre var eitt par fotspor i sanden, det var då eg bar deg i armane mine.
 

 

 

 



izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort