Eter ein ofte middag åleine, er det triveleg å ete i lag med nokon andre. For travle småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå. Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet ein onsdag i månaden. Middag med ettermiddagskaffi/te serverast i frå kl.16.00.Treffet avsluttast med ein song kl.17.00.
Pris kr. 100, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.
Dagens middag: fiskball, potet, gulrot, kålrot, bacon og smør.
Påmelding: Ring eller send SMS med antall personar til Gro Hauge Venås mobilnr. 97161071 innan tysdagen før. Gjev beskjed om eventuelle matallergiar.
Alle er hjarteleg velkomne!
Arr. Kyrkja i Surnadal