- Ja, dette har vi venta på så lenge! Fellesrådsleiar Stig Sæter hadde alle med seg da han presenterte Surnadals nye prest og organist med desse orda søndag.
Gudstenesta i Stangvik kyrkje om føremiddagen var prega av fest og glede. Det same galdt kveldsmessa i Ranes same dag.
I Stangvik presenterte fellesrådsleiaren både den nye soknepresten Pål Arne Winsnes og nytilsett organist Amund Valde. Han las også opp biskop Midttømme sitt kallsbrev til nypresten.
Mange aktørar
Utanom Winsnes ( liturg og predikant) deltok prost Vidar Rygh, klokkar Rannveig Brøske, diakon Gro Hauge Venås, kyrkjetenar og videoteknikar Frank Botten, kyrkjeverje Tor Rune Halset, organist Bernt Bøe, fløytist Tove Elin Strand, songsolist Turid Røen Kroknes, koret P-17 og forsongarar på Stangvik og Surnadal.
«Gratis» - kjerneord i trua
I preika si tok den nye presten utgangspunkt i dagens tekst om arbeidet i vingarden. Han poengterte at Gud ikkje lønner oss etter det vi fortener, men av berre nåde. Det latinske uttrykket «Solo Gratia» (av nåde åleine) er same ordet som «gratis», eit sentralt uttrykk for kjernen i kristentrua, sa Winsnes.
Lovsongstonar
Påtroppande Surnadals-organist Amund Valde spela klaver under nattverd og takkoffer – ikkje minst med ei fin tolking av Bachs Preludium i C-dur frå «Das Wohltemperierte Clavier»..
Songarane på galleriet berika salmesongen med klangfulle korstemmer. Tove Elin la glansfulle fløytetonar til. Koret Prosjekt 17 framførte «Hosianna» av Thomas Olivers og gospeltonen «Amen» før songarar, fløyte og orgel samla seg i lovsongen «Laudate omnes gentes» (av Berthier) som postludium.
Kveldsmesse i Ranes
Søndag kveld hadde sokneprest Winsnes og organist Valde si første gudsteneste saman – i Ranes kyrkje. Her deltok også songkoret Tordenskjold, leia av Elin Persson, og ordførar Hugo Pedersen helsa frå kommunen.
Framsidefoto: Etter gudstenesta i Stangvik: Kyrkjeverje Tor Rune Halset (frå venstre), prost Vidar Wilhelmsen Rygh, sokneprest Pål Arne Winsnes, organist Amund Valde og fellesrådsleiar Stig Sæter. Foto Lars Polden