Pengegåve til Åsskard kyrkje: blir nytt alterklede


Framside: Eit eldre, gult forheng dukka fram under det noverande. – Kven hugsar dette? undrast soknerådsleiar Eva. Foto Bernt Bøe

 

Ved Sigrunn Bævre si gravferd tidlegare i år fekk Åsskard kyrkje ei stor minnegåve. Familien ønskjer at midlane skal brukast til utstyr i kyrkja der Sigrunn høyrde til.

 

Soknerådet går inn for å skifte ut det slitne altarforhenget - «antependiet». Det blir no kjøpt stoff og sydd tre nye slike – i kyrkjeårsfargane grøn, raud og fiolett.

 

På vegner av kyrkjelyden seier soknerådet stor takk til familien Bævre.

 

Det noverande raude antependiet er slite og falma, konstaterer Eva Jorid Svendsen (t.v.) og Jane Nordstrand Svensli i Åsskard sokneråd. Foto Bernt Bøe

 

Innsendt av Åsskard sokneråd ved Bernt G. Bøe

Tilbake