Helgemessesøndag - Allehelgensdag er det mange som kjem til kyrkjegardane, for å minnast og for å tenne gravlykter.
Har du eller nokon du kjenner mista nokon? Mange lever med sorg og sakn, og finn trøyst i eit lys som skin.
I våre kyrkjer vil vi i våre gudstenester spesielt minnast dei av våre som har forlate oss det siste året. Vi les opp namna deira og tenner lys for dei.
Alle er velkomne. Sjølv om ein ikkje har mista nokon det siste året. Dagens gudstenester gir rom for ettertanke og sorg, men også for håp og trøyst.
Ranes kyrkje kl. 11:00
Åsskard kyrkje kl. 14:00
Stangvik kyrkje kl. 16:00
Mo kyrkje kl. 19:30
8. november
Todalen kyrkje kl. 11:00
LES MEIR OM ALLEHELGEN I DEN NORSKE KYRKJA
Illustrasjonsfoto: Kirken.no