Konsertar med P17: «Stjerne over livet»


 

Vakre tonar til tidenes «breaking news» sprer stjernelys i mørketida. Konsertar i Todalen og Åsskard søndag vil bidra til høgtid.

 

Førjulstida er fylt av forventning, lys og musikk. Glade tonar frå Jingle Bells til Bach omgir oss. Og vi treng dette fargerike mangfaldet!

 

Peikar mot jula

Koret Prosjekt 17 med venner inviterer til kyrkjekonsertar i Todalen og Åsskard søndag - under mottoet «Stjerne over livet». Gruppa opptrer både som blandakor med eigne solistar, mannskor og damekor.

 

- Tonane i desember peikar fram mot julehøgtida. Stjerna frå Betlehem skal lyse også i ufredens år 2024, ønskjer P17.   

 

Med gospeltonar og Bach vil koret dra linja frå advent til jul - der stjerna står over oss alle. (Foto Bernt Bøe)

 

 

 

Kammerorkester

Musikarar (fløyte, obo og strykarar) frå fem nasjonar dannar orkesteret som legg glans til alt frå julegospel og allsong til Bach og Sibelius.  

 

Det blir kjære tonar der du kjenner deg att! Og du får delta i allsong med kor og orkester, lovar  koret og meiner slikt musikalsk fellesskap er ideelt. - Da vil mange bidra til nettopp å tenne si «Stjerne over livet» - som altså er motto for konsertane!

 

Satsar frå «Juleoratoriet»

Mange saknar, men minnest også i glede Peder Rensvik sine julekonsertar med Bach og Handel. I år byr difor P17, solistar og orkester på eit kvarters utdrag frå «Juleoratoriet»:

Gjennom perler som «Bered deg», «Hvorledes skal eg møte» og «Store Herre» peikar Bach – «den femte evangelist» - fram mot kjernen i julehøgtida.

 

Dette klassiske kvarteret er innramma av «Stille natt», «Betlehems Stjärna», «Julenatt», «Deilig er jorden», Alnæs’ «Julemotett» og ei rekkje andre kjende og kjære juletonar.

 

Konsertane er støtta av Sparebank 1, Talgø-MøreTre, Alti, Nedal&Partners og sokneråda i Todalen og Åsskard.

.................

 

 

Orkesteret representerer internasjonal harmoni: Frå venstre Trond Harald Saltnes (Norge), Anna Ostachowska (Polen), Jasmina Zivic (Serbia), Ebba Ringmar (Sverige), Zhala Aliyeva (Aserbajdsjan) og Odd Sonntag (Sverige). Foto Bernt Bøe 2022.

 

 

Tilbake