Nordvik er eit livskraftig grendesamfunn. I forsamlingshuset her møtest ofte små og store.
Det gjer dei også når det er gudsteneste i adventstida. Sist søndag var det mesta fullt på alle stolane.
Mange unge hjelpte prest Pål Arne Winsnes med eit tilrettelagt liturgisk program. Dei tente lys, las Juleevangeliet og andre tekster og var endatil forsongarar.
Mykje song
Det starta med Prøysens «Julekveldsvise», som no står i salmeboka. – Den fortel Juleevangeliet på sin folkelege måte, sa presten.
Songar som «Tenn lys», «Et barn er født i Betlehem», «Glade jul», «Solbarn» og «Deilig er jorden» ramma inn bevegelsesbøn, lesingar, lystenning, andakt og takkoffer.
I samtale med borna fortalte Pål Arne kven Jesus var – både som 12-åring i tempelet og som den vaksne Meisteren.
Nistuvers og livleg postludium
Dagens offergåve gjekk til Sjømannsmisjonen - Norsk kyrkje i utlandet. Og frå trøorgelet lydde da det vakre «Julverset» slik det var sunge i Nistua her på Nordvik i gamle dagar.
Dei vaksne hadde lagt alt godt til rette og sørga for kaffe etter at postludiet var unnagjort.
Postludiet ja. I Nordvik Forsamlingshus denne adventssøndagen var det rett og slett «O jul med din glede» - med «jublende røst», klapping, neiing og bukking!
Fint at grendene tek vare på gode tradisjonar også ved juletid!
Tekst Bernt Bøe Foto Randi Bøe