Åsskard sokneråd inviterer: Hygge og hobby i Kyrkjestua


Åsskard sokneråd inviterer: Hygge og hobby i Kyrkjestua


Framside: Som ofte før inviterer soknerådsleiar Eva til treff og servering. Foto Bernt Bøe

 

Kyrkjestua i Åsskard er eit fint rom til samver av mange slag. Torsdag inviterer soknerådet til hyggekveld og hobbyaktivitet. 

- Ta med deg strikketyet og anna handarbeid, eller berre kom! seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. Som alltid ivrar ho for aktiv bruk av kyrkja si. 

 

Denne gong har soknerådet invitert kort-kunstnaren Gerd Anny Gjengstø. Ho kjem med utstyr og idear til korleis ein lagar eigne, personlege kort. 

 

- Med Gerd Anny som instruktør og inspirator kan du forme dine eigne kort for bursdag, dåp og bryllaup eller som dekorasjon til jul og påske, seier Eva Jorid. 

 

Hygge- og hobbykvelden i Kyrkjestua startar i halvsju-tida og blir avslutta med god kveldsmat i godt lag. 

 

Instruktør Gerd Anny Gjengstø – her på juleverkstedet med dei yngste i haust. Foto Bernt Bøe

Tilbake