Kyrkjehuset- ein fin arena


Kyrkjehuset- ein fin arena


Eg vil! Eg vil! Ungane ropa spontant ja til oppgåver på kyrkjekvelden i Åsskard tysdag. Godt oppmøte og samhandling prega timen i gudshuset.

 

Kyrkjeleg undervisning av barn og unge har ulik form frå sokn til sokn. I Åsskard er halvårlege barnekveldar og hobbykveldar blant tilboda til dei som veks opp.

 

Leikedåp og juleforteljing

Tysdag var det 4-5-6-åringar og 5. klassingar som tok kyrkjehuset i bruk. Utanom leikedåp, lystenning og vandring fekk ungane delta som gjetarar, vismenn, Maria og Josef i dramatisering av sjølvaste juleevangeliet.

 

Øvde til hausttakkefest

Under Hausttakkefesten komande søndag får 5. klassingane bibel og 4-åringane «Mi kyrkjebok» som gåve. Difor var det også øving på aktuelle songar frå 4-årsboka - forutan prosesjon med frukt og grønt.

 

Lag og sokn samarbeider

Åsskard Bygdekvinnelag er fast støttespelar på hausttakkefesten, og leiar Gunda Bele deltok på vegner av laget denne kvelden.

 

I regi av soknerådet sørga Kari Johanne Aarnes for god felles kveldsmat som avrunding på ein aktiv kyrkjekveld.

 

bål i kyrkjaGjetarane samla ved bålet nede i kyrkja.  

 

mat og barn

Alltid hyggeleg når Kari serverer i Kyrkjestua.

..............

 

Tekst/Foto Bernt Bøe

 

Tilbake