Kan ei sorggruppe vere noko for deg?
Mange føler seg åleine om sorga. Derfor kan det vere godt å kome ilag med andre, som har opplevd noko av det same.
Kyrkja i Surnadal tilbyr sorg-bearbeiding i gruppe. Her kan ein finne hjelp og støtte til å leve vidare
med sorga.
Gruppene består av fem-seks personar og ein leiar.
Ved nok påmelde, blir det oppstart februar 2026.
Dersom du ønskjer meir informasjon eller vil melde deg på ei gruppe, så ta kontakt med kyrkjekontoret i Surnadal på tlf. 71 65 70 60.

Framsidefoto: Pixabay