Fullt hus: Suksess i kyrkjestua


Fullt hus: Suksess i kyrkjestua


Framsidefoto: Randi V. Bøe

Det måtte hentast stolar frå galleriet. Kyrkjestua i Åsskard var «stinn brakke» under juleverkstedet tysdag kveld.

Julesnø ute og julepyntstemning inne. Små og store hadde eit par hyggelege og ikkje minst kreative kveldstimar da soknerådet inviterte til årleg «Juleverksted».

Ein blidspent fyr – med artig caps! Foto Eva Jorid Svendsen- Artig å laga!

Med førti små og store var det livleg og oppfinnsamt attmed borda. Mange små  hender - og ikkje så få store heller -  forma nissar og englar, kort og stjerner, brikkar, telys-glas og anna julepynt.

 

- Artig å laga fine ting av berre papir og dorullar, sa Alva. - Og eg måla glas som vart julelykt med telys! føydde Guro til. 

Flott å henge på juletreet: Foto Eva Jorid Svendsen

Her vart det ei fin stjerne. Foto Eva Jorid Svendsen  

 

Høveleg aktivitetsrom

Jane, Kari og Eva i soknerådet og medinstruktør Randi Bøe fryda seg over det gode frammøtet. 

- Ulikt dei fleste kyrkjer er Åsskard velsigna med eit høveleg aktivitetsrom, seier pådrivarane. 

- Og snart må vi vel bygge-på, spøkte dei etter at ekstra stolar måtte hentast frå koret og galleriet.

 

Treffstad til samhandling

Tilbakemeldingane frå både foreldre og ungar var veldig positive. - At kyrkja kan vera ein stad å teffast til skapande samhandling, er tydeleg ei positiv form for «folkekyrkje», vart det sagt.

Kari (nærast() og Jane veit å ordne mat til store folkhus. Foto Randi Bøe

Til fulle vart dette understreka med bordfellesskap og nydeleg kveldsmat som avslutning på ein kveld med minst like stor stemning inne som ute - der snøen no antydar ei fin førejulstid.

Og neste søndag er det julemusikken som samlar folk i Åsskard-kyrkja.

 

Innsendt av Åsskard sokneråd v. Bernt Bøe 

 

 

 

 

 

 

   

 

 

 

 

Tilbake