Åsskard søndag: Jubileum og haustfest


Åsskard søndag: Jubileum og haustfest


Søndagens gudsteneste i Åsskard knyter saman 150-årsjubileum og hausttakkefest.

Jubileum kan arte seg på ulike måtar. Somme samlar historia i ei stor markering. I Åsskard er dette året prega av mange tiltak - frå basar, loppis og dugnad via konsertar, kulturtreff og barnesamlingar til utgjeving av ny bok.

 

Framtid og tilbakeblikk
Framtidsvyer og tilbakeblikk går hand i hand. Jonsvaka med full kyrkje St. Hanskvelden var
den store historiske markeringa i Åsskard.

 

Felles om ord og sakrament
I eit jubileumsår, som alltid elles i kyrkja, er gudstenesta sjølve «folkets handling». Difor er søndagens hausttakkefest den ideelle dagen å feire åremål på. Som alltid er da ord og sakrament hovudgrunnen til at vi samlast. 

 

Fellesskapets takkefest

Utdeling av 4- og 6-årsbok er uttrykk for framtida. Pynting med «markens grøde» er takk for skaparverket. Barnekor, vaksengruppe og forsamling løftar lovsong, bønn og forkynning fram i musikalsk uttrykk. Og alt dette, pluss takkoffer så vel som kyrkjekaffe, skjer i fellesskapets gode ramme.

Til kvar hausttakkefest sørgjer Åsskard Bygdekvinnelag for at naturen pregar kyrkjerommet. Foto Bernt Bøe

Fleie aktørar

Sokneprest Pål Arne Winsnes er dagens liturg. Utanom staben deltek barnegruppa Amigos, forsongarar frå koret P17 og alltid trufaste Åsskard Bygdekvinnelag – som kvart år sørgjer for at hausttakkefesten får sitt rette preg. 

Med dette i botnen skjer ei vanleg og samtidig universell haustfest når dei 150 år gamle klokkene kallar oss til kyrkja søndag. Så vidt vi veit, er dette «heile Surnadal» si gudsteneste denne helga.

Innsendt av Bernt G. Bøe .

Framside: Sigrun Hesjehagen har i jubileumsåret laga dette måleriet av Åsskard kyrkje. 

 

Tilbake