Minneutstilling etter Randi Skrøvset Hatle


 

Randi Skrøvset Hatle døydde i fjor vår, difor vart det aldri noko av den kunstutstillinga ho hadde tenkt å få til seinare på året. Men no vil Surnadal Kunstforening arrangere ei minneutstilling i Surnadal Kulturhus frå 23. oktober til 7. november under tittelen «Perler i åkeren». Utstillinga vil ha omkring 80 bilete, både måleri og tekstilapplikasjonar i tillegg til ei rad brukskunstgjenstandar i ymse teknikkar, laga gjennom 40 - 50 år.

Den grøne messehakelen i Raneskyrkja var det Randi som laga i 1989. Men 10 år tidlegare hadde ho laga ein messehakel til Sjoa kapell i Gudbrandsdalen. Der heng også det store alterbiletet i tekstil, 150x210 cm, som ho gjorde til vigslinga i 1978. No har vi den gleda å stille ut dette i Kulturhuset.

Under opninga 23. oktober kl. 13.00 blir det eit program som vil presentere Randi som «biletkunstnar, brukskunstnar og ordkunstnar». Vi vil lese dikt av henne, og vi lanserer den nye «minneboka» med ein kort biografi og dikt ifrå seinare år og 26 sider med foto av kunsten hennar.

Alterbilete Sjoa kapell

 

Tilbake