Ledig stilling!


 

Vi søkjer etter vikar for sekretær ved kyrkjekontoret i Surnadal, fram til 01.06.22.
Stillinga omfattar også sekretærarbeid for prosten i Indre Nordmøre.  
Stillinga er i 50 % og vi ønskjer at den tilsette kan tiltre snarast.

 

Oppgåvene består av:

Dagleg kontakt med publikum gjennom ekspedisjon og telefonservice.
Ansvar for kontormessige rutiner (herunder postteneste, handsaming av takkoffer m.m)
Sekretærarbeid knytt til kyrkjelege handlingar.
Ansvar for kunngjeringar og informasjon om gudstenester og sokna sine aktiviteter.
Administrere utleige og utlån av kyrkjene.

Sekretæroppgåver for sokneråd, prost, prest og kyrkjeverje.


Gravferdsadministrasjon etter behov.

Av kompetanse ønskjer vi oss god kunnskap innan data og administrasjon.

Vi treng deg som er fleksibel og sjølvstendig, men som også har gode samarbeidsevner.

Har du spørsmål om stillinga? Ring konstituert kyrkjeverje Lene Wilhelmsen på telefon 71 65 70 60.

Send søknad snarast, og innan 19.01.22 til:

post@surnadal.kyrkja.no

Tilbake