FORSKRIFT OM GRAVPLASSVEDTEKTER, SURNADAL KOMMUNE, MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE
Fastsett av Surnadal kyrkjelege fellesråd 15. november 2023 med heimel i lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassloven) § 21 første ledd, § 8 første ledd og § 14 første ledd, og forskrift 10. januar 1997 nr. 16 til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassforskriften) § 15a fjerde ledd.
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 1. desember 2023.
Ikrafttredelse 1. desember 2023.
§ 1 FORVALTNING
Gravplassane i Surnadal kommune er underlagt Surnadal kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons - og myndigheitsområde.
§ 2. DEFINISJONAR
Gravplassmyndigheita i Surnadal: Surnadal kyrkjelege fellesråd under utøving av sitt forvaltningsansvar for gravplassane i Surnadal kommune, jf. gravplasslova med forskrifter.
Fri grav : Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person frå kommunen som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som det er inngått eller fornya festeavtale for, jf. gravplasslova § 14. Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Ordinær urnegrav: Grav til oskeurne med plass til fire urner, jf. gravplassforskrifta § 14. Urnegrav i minnelund: Grav til oskeurne i minnelund med plass til ei urne.
Kistegrav: Grav som oppfyller forskrifta sine krav til størrelse for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også setjast ned urner. Fredingstida: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging. Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei frigrav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale.
Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data, på dei som er gravlagt der.
§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Besøkande skal så langt råd er ferdast gåande, jf. gravplassforskrifta § 9 (2). Gravplassmyndigheita kan etter søknad gi løyve til køyring ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemma. All køyring skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 4. TILHØYRSLE TIL GRAVPLASS
Avdøde personar innan kommunen kan gravleggjast på kva som helst av gravplassane i kommunen.
Dei har rett til fri grav såframt grava er tilvist.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir vurdert på same måte som kommunens eigne innbyggjarar og har rett til frigrav såframt grava er tilvist.
Avdøde personar frå andre kommunar kan gravleggjast i Surnadal kommune mot at kostnadene ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5. FREDINGSTID
Fredingstida for kistegraver er 20 år.
Fredingstida for urnegraver er 20 år.
Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.
Gravfelt G på Åsskard gamle gravplass kan berre brukast til urnegravlegging.
§ 6. FESTE AV GRAV MED MEIR
Når kistegrav skal takast i bruk, er det høve til å feste ei ledig grav ved sida av, og etter søknad til gravplassmyndigheita, ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer da ein gravplass.
Ved bruk av ordinær urnegrav, sjå definisjon av "ordinær urnegrav" i § 2 Definisjonar, kan det ikkje bli festa ei grav ved sida av.
Når festetida/fredingstida er ute, kan grava/gravstaden bli festa for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan etter spesielt samtykke frå gravplassmyndigheita.
I god tid før festetida er ute, skal festaren varslast. Er festet ikkje blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.
Ingen kan gravleggjast i festa grav/gravstad utan festar sitt samtykke. Dersom den ansvarlege eller festaren sitt samtykke til bruk av grava ikkje kan innhentast, kan gravplassmyndigheita ta avgjersle om gravlegging.
Festar pliktar å melde adresseforandring.
§ 7. GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jord leggjast på omkringliggjande graver, og gravutstyr midlertidig flyttast. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen og vil også ordne grava planert og tilsådd med gras etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan setjast opp umiddelbart etter urnenedsettinga. I påvente av gravminne ordnar gravplassmyndigheita med eit midlertidig minnesmerke som gravplassmyndigheita set opp.
På nyfesta gravstad blir gravminnet plassert etter tilvising frå gravplassmyndigheita på den grava som er tatt i bruk, og blir ståande der under heile festeperioden.
§ 8. PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn breidda til gravminnet, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten på gravminnet. Det kan ikkje plantast vekster som overstig høgda på gravminnet eller går utover plantefeltet.
Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast av ansvarleg for grav eller festar etter bruk.
Det er ikkje høve til å ramme inn plantefeltet eller delar av det med hekk eller døde materialar.
Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 9. PLANTEMATERIALE
Planter, kransar og liknande materiale som blir bruka ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbart.
§ 10. STELL AV GRAV
Alle ansvarlege for fri grav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkommande har ansvar for. Plantefelt som det ikkje blir planta på, eller ikkje blir stelt, skal tilsåast av den ansvarlege eller bli tilsådd av gravplassmyndigheita etter avtale.
Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
§ 11. NAMNA MINNELUND
I namna minnelund er plassering av grava kjent, og pårørande kan delta ved urnenedsetjing. Namn på den døde, fødselsår og dødsår blir påført på eiga plate på felles minnesmerke. Utforming, planting og stell av minnelundane er gravplassmyndigheita sitt ansvar. Det er ikkje tillate for etterlatne å plante på minnelunden. Snittblomster, lys og kransar skal setjast i stativ ved minnesteinen. Annan pynt og gjenstandar er ikkje tillate.
Gravplassmyndigheita sørgjer for minnesmerke og namneplate i namna minnelund. For dette må det betalast ei vedtatt eingongsavgift.
Fredingstid gjeld i minnelund som for urnegraver elles.
Graver i namna minnelund kan festast etter fredingstidas utløp på lik linje med andre graver på gravplassen. Men det vil ikkje vere høve til å gravleggje på nytt i grava.
I namna minnelund kan det festast ei grav ved sida av. Dette gjeld også urnegrav, sjå definisjon av "urnegrav i minnelund" i § 2 Definisjonar. Ved feste av grav ved sida av, må det betalast festeavgift frå det tidspunkt den første grava blir tatt i bruk. Ved feste av grav ved sida av i namna minnelund, vil ikkje nødvendigvis gravene komme ved sida av kvarandre, men det vil namneplatene.
§ 12. BÅREROM
Bårerom blir disponert av gravplassmyndigheita og skal berre brukast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som sørgjer for gravferda, og er dei tilsette uvedkommande.
§ 13. NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal innhente løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkommande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.
§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 15. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER
Denne forskrifta om gravplassvedtekter trer i kraft frå 01.12.2023. Frå same tid blir vedtekter godkjende av Møre bispedømeråd 07.03.2003, for gravplassane i Surnadal kommune oppheva.